Gjetarhundnemnda i Kvinnherad Sau og Geit var sundag 15. august 2010 tilskipar av 3. tevlinga i årets Hordalandscup. Konkurransen var og med som uttak til NM i gjetarhund frå Hordaland, og gjekk som klasse 3 med deling. Utanom ovannemnde klasse var det og tevling i klasse 1 med 5 startande. I tillegg til deltakarar frå vårt eige fylke, deltok og folk frå Rogaland. Domar var Trygve Høynes.
På ein av dei varmaste og finaste dagane så langt i sommar fekk både hund og sau kjenna på temperatur over 25 grader. I tillegg til varmen fekk hundane og brynt seg på vaksne sauer som for høvet var fråteken lamma, noko dei ikkje sett særleg pris på. Heile 9 av 28 ekvipasjar i klasse 3 måtte bryt då sauene helst ville inn i fjøset til sine håpefulle.
I klasse 3 vann Olga Lilleland Espevoll med Senta, ho fekk følje av Stein Dalland med Jock og Jakob Markhus med Isma.
Klasse 1 vart vunne av Svanhild Markhus og Blackie medan Espen Frøvik og Jess la beslag på andre plass.
Deltakarane kosa seg i det fine været, som elles var bestilt, sjølv om konkurransen ikkje gjekk like greitt for alle.
Tekst og bilder av Bjørn Helge Skåle