Hordalandscupen 2010 vart søndag 7 nov 2010 avslutta med prøve kl 2 i Eidfjord. Gunnar Lægreid og resten av komiteen hadde laga eit flott arrangement, som vart avvikla knirkefritt.
Bra med publikum var der òg.
Det vart brukt NKS sau som var godt hundevant og nokså raske til beins. For dei fleste vart det fort klart at her var det god avstand og rolig hund som vart viktig. Kom hunden for tett, gjekk det litt for fort i svingane. Kvea vart òg ei utfordring for mange.
Ekstra kjekt at fleire lokale gjetarhundfolk hadde meldt seg på.
Sander Hindenes vann dagens prøve med hunden Mirk, og andreplass med hunden Dick. Tredje plassen gikk til Stein Dalland med Tina.
Vinner av Hordalandscupen 2010 vart Sander Hindenes med Dick. Han tok dermed òg napp i cupens vandrepremie. På andre kom Stein Dalland med Tina. På tredje Stein Dalland med Jock.
Gratulera med flotte plasseringer!
Tilsaman har 37 ekvipasjar frå Hordaland starta på ein eller fleire av dei 6 prøvane som inngjekk i cupen. Dette er bra, og viser at det vert jobba godt med hund rundtom i fylket. I tillegg kjem rogalandingane som tidvis har vore på startlista. Velkommen til desse òg.
Det vart òg kjørt prøve klasse 1. På denne stilte 6 til start. Vinnar vart Egil Øvstebø med Fly, og andreplass gjekk til Ivar Sekse med Lassi.